Erlend Gunstveit – A very Nashville Christmas
SKAKKE - senter for skule, idrett og kultur, Enge, 5590 Etne, Norway, Etne Kort
fös 18. des 2026 19:00
Erlend Gunstveit tek med seg Nashville heim til jul
Den Spellemann-nominerte countryartisten Erlend Gunstveit er busett i Nashville – og denne jula tek han med seg dei to Nashville-musikarane Nathalya Kay (fele) og Josh Karas (keys) heim på juleturné i Noreg med programmet «A Very Nashville Christmas».
På juleturneen møter publikum Erlend i front for trioen sin. Med den unike stemma si og eit sterkt engasjement for formidling tek han publikum med gjennom klassiske norske og amerikanske julesongar og smakebitar frå det nye albumet. Låtane blir bundne saman av historiene bak dei, og publikum får eit innblikk i livet som låtskrivar, musikar og artist i Nashville.
Dette blir ein varm og stemningsfull førjulskveld – musikalsk forankra i Amerika, med kjende og kjære norske tradisjonar.
Om Erlend Gunstveit
Erlend Gunstveit voks opp på Sørlandet og arbeidde som anleggsgartnar før musikken tok over for alvor.
I 2021 vann han The Voice Norge – som den første countryartisten til å vinne ein norsk TV-konkurranse i sjangeren.
Gjennom hardt arbeid i Nashville har Erlend jobba med musikarar og produsentar og spelt på ikoniske konsertscener som Bluebird Cafe, Station Inn og Third & Lindsley, for å nemne nokre.
Etter fleire år med store opplevingar i USA – sist med opptredenar under CMA Fest i Nashville i juni 2026, og opptredenar på stadion i Boston, New Jersey og Miami før Noregs kampar under fotball-VM i juli – er det nok av inntrykk og opplevingar å dele frå scena.